Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 5

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og kunnskapsministeren inviterer til toppmøte om forsking måndag 27. januar. Tysdag 28. januar besøkjer statsministeren Agder.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 27. januar
Kl. 11.30: Statsministeren og kunnskapsministeren inviterer til toppmøte om forsking i Regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45. Tema for møtet er korleis ein kan ivareta næringslivets behov i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Representantar for næringsliv, akademia og samfunnsliv er inviterte til møtet.

Finansministeren, næringsministeren, olje- og energiministeren og helse- og omsorgsministeren deltek også. Det er mogleg å fotografera og få korte kommentarar ved starten av møtet, oppmøte for presse i Riddervoldsgata 2 kl. 11.00. Etter møtet, om lag kl. 14.00, er møtedeltakarane tilgjengelege for ytterlegare kommentarar. Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 kl. 13.30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

Kl. 19.30: Statsministeren deltek i partimøte i regi av Høgre i Agderfylka på Clarion Hotel Ernst i Kristiansand.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Tysdag 28. januar
Statsministeren besøkjer Agder.

Kl. 08.25: Statsministeren besøkjer Grim skule i Kristiansand. Adresse: Møllevannsveien 50 i Kristiansand.

Kl. 09.40: Statsministeren taler på Agderkonferansen i Kristiansand. Statsministeren er tilgjengeleg for presse i foajeen om lag kl. 10.10. Stad: Kilden Teater- og Konserthus.

Kl. 11.15: Statsministeren besøkjer Universitetet i Agder, Fakultet for teknologi og realfag, i Grimstad. Der får ho presentert satsinga på å få fleire jenter til å studera realfag. Adresse: Jon Lilletuns vei 9 i Grimstad.

Kl. 12.45: Statsministeren besøkjer Asdal skole i Arendal. Adresse: Lunderød 46, Brobekk.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, mobil 930 51 458.

Måndag 3. februar
Statsministeren besøkjer Paris. Ho skal mellom anna møte Frankrikes president François Hollande i Elyséepalasset. Europeisk økonomi, reformer, kunnskap og konkurransekraft vil vere viktige tema i møtet. Dei to vil òg drøfte aktuelle EU- og EØS-saker, energi- og klimaspørsmål og andre internasjonale og regionale saker. Statsministeren skal òg møte OECDs generalsekretær Angel Gurría.

Presse som ønskjer å dekke besøket må melde frå til smkinfo@smk.dep.no innan utgangen av tysdag 28. januar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.