Statsministerens program veke 50

Statsminister Erna Solberg deltek denne veka mellom anna på klimatoppmøtet One Planet Summit i Paris.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 11. desember
Kl. 08.15: Statsminister Erna Solberg møter representantar frå fredsprisvinnar Den internasjonale kampanjen for å avskaffe atomvåpen (ICAN) i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

Ein fotopool kan arbeide ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTBscanpix, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 07.45.

Om lag kl. 08.50: Felles pressekonferanse med statsminister Solberg og ICAN-representantane i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 08.20.

Akkrediteringsfristen er gått ut. 

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post: tab@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Tysdag 12. desember – klimamøte i Frankrike
Statsministeren deltek på klimatoppmøtet One Planet Summit i Paris. Stad: Ile Seguin at La Seine Musicale (92100 Boulogne-Billancourt) i Paris. Akkrediteringsfristen er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Onsdag 13. desember
Statsminister Erna Solberg besøkjer Sofia, i samband med at Bulgaria tek over EU-formannskapen frå januar 2018.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Laurdag 16. desember
Kl. 17.00: Statsministeren er til stades på ishockey-kampen for herrar mellom Noreg og Slovakia i samband med MECA Hockey Games på CC Amfi i Hamar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663.

Tysdag 19. desember
Kl. 11.00: Statsministeren inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det vert enkel servering for pressefolk i Parkveien 45 frå kl. 10.00.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.

Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen, kan møte opp frå kl. 09.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Til toppen