Historisk arkiv

Statsministerens program veke 50

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg møter denne veka mellom anna fredsprisvinnar Denis Mukwege i statsministerbustaden.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 10. desember
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg er til stades ved utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Om kvelden deltek statsministeren på Nobelbanketten på Grand Hotel.

Tysdag 11. desember
Kl. 08.30: Statsminister Erna Solberg møter fredsprisvinnar Denis Mukwege i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

Ein fotopool kan arbeide ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB scanpix, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 08.00.

Om lag kl. 09.10: Felles pressekonferanse med statsminister Solberg og Mukwege i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 08.45.

Presse som ønskjer å vere til stades på pressekonferansen må melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan fredag 7. desember kl. 12.00. Alle må ha med gyldig pressekort og ID, og være akkreditert gjennom Nobel.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post: tab@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Onsdag 12. desember
Kl. 10.30: Statsministeren får ei orientering om Statsråd Lehmkuhl sitt havprosjekt, på Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post: tab@smk.dep.no.

Søndag 16. desember
Kl. 15.00: Statsministeren deltek i feiringa av 80-årsdagen til Liv Ullmann på Nationaltheatret.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

Torsdag 20. desember
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det vert enkel julelunsj for pressefolk frå kl. 10.00.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2.

Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 09.00.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post: ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Onsdag 23. – torsdag 24. januar 2019
Statsminister Erna Solberg deltek på delar av World Economic Forum i Davos. Vi ber presse som skal til Davos om å senda ein kort e-post til smkinfo@smk.dep.no.