Priv. til red.:

Statsministerens program veke 50

H.K.H. kronprinsen og statsminister Erna Solberg representerer Noreg ved minneseremonien for Nelson Mandela i Johannesburg.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 10. desember
H.K.H. kronprinsen og statsminister Erna Solberg representerer Noreg ved minneseremonien for Nelson Mandela i Johannesburg.

Onsdag 11. desember
Kl. 13.30: Statsministeren møter fredsprisvinnar Organisasjonen for forbud mot kjemiske våpen (OPCW) i statsministerbustaden i Inkognitogaten 18.

Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet, for ein fotopool med følgjande deltakarar: TV2, NRK, NTB scanpix og ANB. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.00.

Kl. 14.00: Pressekonferanse i Riddervoldsgate 2. Oppmøte seinast kl. 13.30. Sjå pressekonferansen på nett-tv.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 19.30: Statsministeren er til stades under fredspriskonserten i Oslo Spektrum.

Fredag 13. desember
Kl. 09.00: Statsministeren deltek på Unio-konferansen på Sundvolden Hotel. Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter at ho har talt, om lag kl. 09.50.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.