Historisk arkiv

Statsministerens program veke 51

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg inviterer til halvårleg pressekonferanse 17. desember.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 14. desember
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg deltek på Stortingets julelunsj.

Torsdag 17. desember
Kl. 11.00: Statsministeren inviterer til halvårleg pressekonferanse i Regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det vert enkel servering for pressefolk i Parkveien 45 frå kl. 10.00.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2. Det er gravearbeider i Riddervoldsgate, og parkering utanfor er derfor ikkje mogleg.

Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen, kan møte opp frå kl. 09.00.

Sjå pressekonferansen på nett-tv: http://regjeringa.no/halvarleg-jul-2015

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.