Historisk arkiv

Statsministerens program veke 6

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg har denne veka mellom anna eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Temaet for møtet vil vere dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret våren 2015.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 2. februar
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg taler på Leangkollen-konferansen til Den norske Atlanterhavskomité. Stad: Nobelinstituttet i Oslo.

Kl. 10.00: Statsministeren deltek på møte om førebygging av valdeleg ekstremisme. KS og Justisdepartementet arrangerer. Stad: Kommunenes Hus i Oslo, Haakon VIIs gate 9.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Onsdag 4. februar
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Temaet for møtet vil vere dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret våren 2015.

Stad: Glacisgata 1, VIP-rommet.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Glacisgata 1 seinast kl. 11.30.

Kort tilgjengelegheit for presse etter møtet, om lag kl. 13.30. Oppmøte i Glacisgata 1 seinast kl. 13.00.

Presse som ønskjer å dekke møtet må melde frå til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 3. februar kl. 16.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Fredag 6. februar
Kl. 12.30: Kommunane Sandefjord, Stokke og Andebu leverer sin søknad om samanslåing til kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner fredag 6. februar klokka 12.30. Statsminister Erna Solberg deltar på arrangementet. Stad: Akersgata 59 i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon telefon 920 49 543.

Kl. 17.00: Statsministeren deltek på fylkesårsmøtet i Aust- og Vest-Agder Høgre. Stad: Arendal kulturhus.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.