Historisk arkiv

Statsministerens program veke 6

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg ønskjer å besøkje ulike delar av landet som er hardast råka av auka arbeidsløyse. Statsministeren starta reiserunden sin i Stavanger, og held denne veka fram i Molde.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Søndag 7. februar
Statsminister Erna Solberg ser på tremila i verdscupen i langrenn for kvinner og hoppkonkurransen for menn under Holmenkollen Skifestival.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Måndag 8. februar
Kl. 10.45: Statsministeren taler ved opninga av konferansen Rus og psykisk helse 2016. Konferansen går føre seg på Oslo kongressenter.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 12.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Temaet for møtet vil vere dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret.

Stad: Statsministerens kontor, Glacisgata 1.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 11.30.

Kort tilgjengelegheit for presse etter møtet, om lag kl. 13.30. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 13.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 9. februar
Statsminister Erna Solberg ønskjer å besøkje ulike delar av landet som er hardast råka av auka arbeidsløyse. Statsministeren starta reiserunden sin i Stavanger, og held no fram i Molde. Situasjonen i olje- og gassnæringa og ringverknader for lokalsamfunnet vil vera sentrale tema. Tema vil også vera nye mogelegheiter, omstilling og nye jobbar.

Kl. 09.35: Statsministeren besøkjer Brunvoll AS i Molde. Adresse: Strandgata 4 i Molde.

Kl. 10.30: Statsministeren besøkjer National Oilwell Varco. Adresse: Grandfjæra 24A i Molde.

Kl. 12.00: Statsministeren møter gründerar og har møte med næringsliv, arbeidsfolk og lokale myndigheiter om omstilling i Molde Kunnskapspark. Adresse: iKuben, Britvegen 4.

Kl. 15.00: Statsministeren taler ved opninga av Romsdalsmuseet. Adresse: Per Amdamsvei 4 i Molde.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Fredag 12. – laurdag 13. februar
Statsministeren deltek på den sikkerheitspolitiske konferansen i München, saman med om lag 30 stats- og regjeringssjefar og 35 utanriks- og forsvarsministrar.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Søndag 14. februar
Statsminister Erna Solberg deltek på sentralstyremøte i Høgre. Stad: Høgres Hus i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef i Høgre, Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153.