Statsministerens program veke 6

Statsministeren skal denne veka mellom anna på ei rundreise til Tynset, Grimsbu, Oppdal, Dombås, Lillehammer, Næroset og Hamar.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 6. februar
Kl. 08.45: Statsminister Erna Solberg besøkjer St. Olavs Hospital i Trondheim, kor ho mellom anna vil få orienteringar om arbeidet med barn og unge med kroniske utmattingstilstandar. Adresse: Olav Kyrres gate 11.

Kl. 10.30: Statsministeren er til stades på ei markering ved Metodistkyrkja i samband med Tråante 2017, der det blir markert at det er hundre år sidan det første samiske landsmøtet i 1917. Stad: Cicignons plass i Trondheim.

Kl. 11.25: Statsministeren deltek på den offisielle opninga av Tråante 2017. Stad: Torget i Trondheim.

Kl. 13.00: Statsministeren deltek på jubileumsgudsteneste i Nidarosdomen i samband med Tråante 2017.

Kl. 14.25: Statsministeren er til stades ved opninga av utstillinga «Bååstede – tilbakeføring av samisk kulturarv» i Museet Erkebispegården.

Kl. 18.15: Statsministeren besøkjer Havsjøveien Næringspark i Røros. Adresse: Tollef Bredals vei 13.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Tysdag 7. februar
Statsministeren besøkjer Tynset, Grimsbu, Oppdal, Dombås og Lillehammer.

Kl. 09.00: Besøk hjå mjølkebonde Martin Ruud Rehder på Tynset. Adresse: Jordmoen.

Kl. 10.30: Frankmotunet på Grimsbu. Adresse: Eggemoen 39.

Kl. 13.45: Oppdal helsestasjon. Adresse: Russerveien 5A.

Kl. 16.10: Dombås Skiheiser. Adresse: Ved Trolltun gjestegård.

Kl. 17.10: Frivillighetssentralen Dombås. Adresse: Kyrkjevegen 11.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Onsdag 8. februar
Statsministeren besøkjer Jørstadmoen, Næroset og Hamar.

Kl. 08.55: Cyberforsvaret på Jørstadmoen. Adresse: Jørstadmoveien 600, Lillehammer. Oppmøte for presse seinast kl. 08.25. 

Kl. 11.00: Harby kolonialbutikk på Næroset. Adresse: Åsmarkvegen 761.

Kl. 12.00: Cryogenetics i Heidnerklyngen på Hamar. Adresse: Storhamargata 44.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 951 05 064.

Fredag 10. februar
Kl. 10.15: Statsministeren deltek på Lærerplasskonferansen 2017 i Bergen. Stad: Grieghallen.

Kl. 11.00: Statsministeren deltek på opninga av båtsimulatoren i Havbyen på vitensenteret VilVite i Bergen. Adresse: Thormøhlensgate 51.

Kl. 12.15: Statsministeren deltek i eit arrangement i Nøstegaten, Bergens «walk of fame» for kjende bergensarar. Adresse: Nøstegaten.

Kl. 13.45: Statsministeren besøkjer Karsten Moholt AS på Askøy. Adresse: Storebotn 90, Kleppestø. 

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Laurdag 11. februar
Kl. 15.00: Statsministeren taler på fylkesårsmøtet i Hordaland Høgre på Brakanes hotell i Ulvik. 

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.