Statsministerens program veke 7

Statsministeren møter denne veka mellom anna Julia Gillard frå Global Partnership for Education.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Torsdag 12. februar
Kl. 14.30: Statsminister Erna Solberg møter Julia Gillard frå Global Partnership for Education i statsministerbustaden i Inkognitogaten 18.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Kl. 18.00: Statsministeren er til stades under sentralbanksjefen si årstale i Norges Bank.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Laurdag 14. februar
Kl. 14.15: Statsministeren deltek på fylkesårsmøtet til Sør-Trøndelag Høgre. Stad: Clarion Hotel & Congress i Trondheim.

Pressekontakt er politisk rådgivar i Høgre Peder Weidemann Egseth, telefon 922 41 857.