Historisk arkiv

Statsministerens program veke 7

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren besøkjer denne veka mellom anna Sunnmøre.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 13. februar
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret vil vere sentrale tema for møtet. På møtet vil også den reviderte strategien mot arbeidslivskriminalitet bli lagt fram.

Møtet går føre seg i Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.30.

Møtedeltakarane vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 12.00. Oppmøte for presse ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.45.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 14. februar
Statsministeren besøkjer Sunnmøre.

Kl. 09.30: Statsministeren deltek på Haramskonferansen på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Tema for konferansen er omstilling i næringslivet. Statsministeren taler om lag kl. 10.00. Statsministeren er tilgjengeleg for presse i pausen som startar kl. 11.30.

Kl. 12.30: Statsministeren besøkjer bedrifta Ulmatec Pyro AS på Gamlem i Søvik. Bedrifta har utvikla ei løysing for varmegjenvinning på fiskebåtar, skip og riggar. Det er mogleg for presse å delta på besøket.

Statsministeren får deretter skyss med redningsskøyta «Idar Ulstein» til Ulsteinvik.

Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer Ulstein Group i Ulsteinvik, der ho får ei orientering om drifta. Ho får også omvising på eit nybygd servicefartøy for vindmølleparkar til havs. Det er mogleg for pressefolk å vera med om bord i båten.

Kl. 15.45: Statsministeren har invitert verft, reiarlag og utstyrsleverandørar på Sunnmøre til eit møte for å diskutera situasjonen i næringa og utsiktene framover. Møtet går føre seg i Ulstein Expo. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Statsministeren vil vere tilgjengeleg for kommentarar etter møtet, om lag kl. 17.15.

Kl. 18.10: Statsministeren besøkjer Røde Kors-huset i Ørsta. Ho møter først ungdomar i Ørsta Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp (RØFF), før ho kl. 19.00 er til stades på årsmøtet til Røde Kors si besøksteneste i Ørsta. Statsministeren får også ei omvising på Røde Kors-huset.

Pressekontaktar for reisa er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 15. februar
Kl. 10.00: Statsministeren taler på Fiskebåts årsmøte på Hotel Bristol i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 11.15: Statsministeren og kunnskapsministeren inviterer til pressekonferanse om skulemiljø, i samband med ei lovendring i opplæringslova om nulltoleranse mot mobbing. Stad: Sofienberg skole, Trondheimsveien 48 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Kl. 14.00: Statsministeren møter Polens parlamentspresident Marek Kuchinski på Statsministerens kontor.

Torsdag 16. februar
Kl. 18.00: Statsministeren er til stades i Noregs Bank når sentralbanksjefen held sin årstale.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 416 69 757.

Fredag 17. februar – laurdag 18. februar
Statsminister Erna Solberg, utanriksminister Børge Brende og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide deltek på den sikkerheitspolitiske konferansen i München.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.