Historisk arkiv

Statsministerens program veke 7

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg besøkjer denne veka mellom anna Japan og Sør-Korea for politiske samtalar med Japans statsminister Shinzo Abe og Sør-Koreas president Moon Jae-in.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Søndag 11. februar
Kl. 14.00: Statsminister Erna Solberg deltek på sentralstyremøte i Høgre. Presse kan vere til stades på statsministerens innleiing. Stad: Thon Conference Universitetsgaten i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post rune.alstadsaeter@smk.dep.no.

Tysdag 13. februar–søndag 18. februar
Statsminister Erna Solberg besøkjer Japan og Sør-Korea for politiske samtalar med Japans statsminister Shinzo Abe og Sør-Koreas president Moon Jae-in.

Onsdag 14. februar møter statsministeren sin japanske kollega Shinzo Abe i Tokyo. I Japan skal ho også delta på eit arrangement om hav og Arktis, møte næringsliv og akademia, og ha samtalar om FNs berekraftmål.

Torsdag 15. februar reiser statsministeren vidare til Seoul, og deretter til OL i Pyeongchang i Sør-Korea, der ho vil vere til stades på fleire OL-øvingar.

I Seoul skal statsministeren ha politiske samtalar med president Moon Jae-in. I Pyeongchang skal ho mellom anna møte tidlegare generalsekretær i FN, Ban Ki-moon.

Pressekontaktar for statsministeren i Japan og Sør-Korea er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tor.borgersen@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen (Pyeongchang/OL), telefon 909 73 266, e-post eirin.larsen@smk.dep.no