Historisk arkiv

Statsministerens program veke 7

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 10. februar
Kl. 11.00: Statsminister Erna Solberg taler på opninga av kongressen Rus og psykisk helse 2020. Arrangementet går føre seg på Oslo kongressenter. Adresse: Youngsgate 21.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Kl.16.00: Statsministeren deltek på Høgres ordførarkonferanse, på Høyres Hus i Oslo. Konferansen er ikkje open for pressa.

Tysdag 11. februar
Kl. 10.00: Statsministeren taler på opninga av Kommunalpolitisk toppmøte, regi av KS. Tema for årets toppmøte er FNs berekraftmål. Statsministeren deltek også i ein samtale på scenen.

Arrangementet går føre seg på The Hub i Oslo. Adresse: Biskop Gunnerus gate 3.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Kl. 15.30: Statsministeren deltek på regjeringspartia sin perspektivkonferanse, der dei markerer oppstarten av den offentlege debatten om perspektivmeldinga.

Oppmøte for pressefolk frå kl. 15. Ta med gyldig pressekort og id.
Konferansen går føre seg på Radisson Blu Scandinavia, Holbergs gate 33.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 90 70 66 96, e-post pwe@smk.dep.no.

Torsdag 13. februar
Klokka 18.00: Statsministeren er til stades når sentralbanksjefens held sin årstale i Noregs Bank. Ho deltek deretter på Noregs Banks årsmiddag på Grand Hotel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Fredag 14. og laurdag 15. februar
Statsminister Erna Solberg deltek på den årlege sikkerheitskonferansen i München. Saman med sentrale avgjerdstakarar og representantar frå næringslivet og det friviljuge samfunn, vil statsministeren diskutere ulike sikkerheitspolitiske problemstillingar. Frå regjeringa deltek også utanriksminister Ine Eriksen Søreide og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Akkrediteringsfristen er gått ut.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Pressekontakt for utanriksministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10, e-post Trude.Maseide@mfa.no.

Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonssjef Ingrid Dåsnes, telefon 45 24 18 74, e-post Ingrid.Dasnes@fd.dep.no.