Priv. til red.:

Statsministerens program veke 8

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren deltek denne veka i lanseringa av ein ny handlingsplan for kvinner, fred og sikkerheit.

Måndag 16. februar
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg, utanriksminister Børge Brende, forsvarsminister Ine Eriksen Søreide og barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne lanserer ein ny handlingsplan for kvinner, fred og sikkerheit på Litteraturhuset i Oslo. Sjå fleire detaljer på nettsida til Utanriksdepartementet.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.

Tysdag 17. februar
Kl. 09.00: Statsministeren møter FNs spesialrådgivar for innovativ finansiering for utvikling, Philippe Douste-Blazy, for å diskutere arbeidet i FNs pådrivergruppe for tusenårsmåla, og arbeidet med dei nye berekraftsmåla etter 2015. Stad: Statsministerens kontor.

Pressekontakt er seniorrådgivar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

Onsdag 18. februar
Kl. 09.10: Statsministeren taler under opninga av Oslo Energy Forum på Holmenkollen Park Hotell i Oslo. Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter talen, om lag kl. 10.15. Presse som vil vere til stades, kan melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 17. februar kl. 12.30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.