Historisk arkiv

Statsministerens program veke 8

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Laurdag 20. februar
Statsministeren er til stades under Ungdoms-OL på Lillehammer. Ho vil mellom anna vere på Hafjell frå ca. kl. 10, for å arbeide som frivillig og sjå parallellslalåmrennet. Seinare på dagen vil statsministeren mellom anna vere til stades på «Learn and share» i Håkonshall.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987. 

Tysdag 23. februar
Statsminister Erna Solberg besøkjer dei delane av landet som er hardast ramma av auka arbeidsløyse. Statsministeren starta reiserunden sin i Stavanger, og har dei siste vekene besøkt Molde, Kristiansand, Tysvær og Karmøy. No står Bergen for tur. Situasjonen i næringslivet vil vera eit sentralt tema for besøket, i tillegg til omstilling og nye jobbar. 

Kl. 09.30: Statsministeren og finansministeren besøkjer supply-skipet Skandi Wega. Skipet ligg ved Skoltegrunnskaien.

Kl. 11.00: Statsministeren og finansministeren møter gründerar i eit møte hos Bergen Teknologioverføring. Adresse: Bergen teknologioverføring/Nyskapingsparken Thormøhlensgt 51, Vilvite senteret, 2. etasje.

Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen møter representantar frå næringslivet i lokala til Sparebanken Vest i Bergen. Adresse: Jonsvollsgaten 2.

Kl. 14.50: Helse Bergen har fått 65 millioner kroner i ekstra sysselsetjingstiltak frå regjeringas tiltakspakke. Statsminister Erna Solberg besøkjer Haukeland universitetssykehus for å bli orientert om nokre av dei igangsette prosjekta. Adresse: Haukeland universitetssykehus, Augebygget.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.