Historisk arkiv

Statsministerens program veke 8

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 23. februar
Kl. 10.30: Statsminister Erna Solberg har digitalt møte med bedrifter frå ulike delar av landet.

På LinkedIn ba statsministeren om forslag til bedrifter ho bør snakke med, og no er seks av bedriftene inviterte til møte. Felles for bedriftene er at dei gjennom innovasjon og satsing har lykkast godt også gjennom den krevjande økonomiske situasjonen det siste året. Dei seks bedriftene er Airthings (Oslo), Antler (Oslo), Rayvn (Bergen), Sandtools (Grimstad), Sodvin (Kyrkseterøra) og TicketCo (Bergen). Du kan følgje møtet her.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@smk.dep.no.

Kl. 13.30: Statsministeren har ein telefonsamtale med Finlands president Sauli Väinämö Niinistö. Tema for samtalen er utanriks- og sikkerheitspolitiske spørsmål.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Kl. 14.30: Statsministeren deltek på eit møte for stats- og regjeringssjefar i FNs sikkerheitsråd. Tema for møtet er klima og sikkerheit. Møtet går føre seg digitalt og kan følgjast på https://webtv.un.org.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.