Priv. til red.:

Statsministerens program veke 8

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 17. februar
Kl. 08.00: Statsminister Erna Solberg, finansminister Siv Jensen og olje- og energiminister Tord Lien møter norsk petroleumsretta næringsliv for å diskutera blant anna produktivitet, kostnadsutfordringar, kompetanse og forenkling. Deltakarane er inviterte til å koma med innspel til korleis konkurransekrafta til norsk næringsliv kan bli betre.

Deltakarar: Norsk Industri, Norsk olje og gass, IndustriEnergi, Rederiforbundet, Statoil, ConocoPhillips, GDF Suez, Det norske oljeselskap, NCE NODE, Schlumberger, Aker Solutions, IKM Gruppen, Rystad Energy. Jørn Rattsø, som leiar Produktivitetskommisjonen, deltek også i møtet.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 07.30.

Etter møtet, om lag kl. 09.30, er møtedeltakarane tilgjengelege for pressa. Oppmøte for presse ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 13.30: Statsminister Erna Solberg skal i audiens hjå Hans Majestet Kong Carl Gustaf av Sverige på slottet i Stockholm. Avgrensa fotopool.

Kl. 14.15: Statsminister Erna Solberg har bilateralt møte med Sveriges statsminister Fredrik Reinfeldt i Stockholm. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet, med oppmøte for fotografar kl. 14.00. Stad: Entrén, Rosenbad 4, Stockholm.

Kl. 15.00: Felles pressekonferanse med Erna Solberg og Fredrik Reinfeldt. Stad: Bella Venezia, Rosenbad 4, Stockholm.

Kl. 15.30: Statsministeren deltek på The Post Davos Nordic Summit. der politikarar, næringslivsleiarar og ekspertar i Norden skal drøfte oppfølginga av World Economic Forum i Davos og konsekvensar for samfunn, politikk og næringsliv. Meir informasjon om konferansen.

Statsministeren er tilgjengeleg for pressa om lag kl. 16.30.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Tysdag 18. februar
Statsministeren besøkjer Bergen.

Kl. 13.00: Statsministeren står for den offisielle opninga  av Hjortsenteret for marin økosystemdynamikk.  Senteret er eit samarbeid mellom dei marine forskingsmiljøa i Bergen. Stad: Akvariet, Nordnesbakken 4.

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Sandsli vidaregåande skule. Stad: Sandslimarka 51, Sandsli.

Kl. 15.30: Statsministeren møter ein tilsett på Icap Energy AS, som ved hjelp av synsrehabilitering har kunna halde fram i jobb etter at han mista 95 prosent av synet. Norges Blindeforbund deltek på besøket. Stad: Icap Energy AS, Storetveitvegen 96.

Kl. 18.00: Statsministeren deltek saman med søstera si, Marit Solberg, på samtalemøte om kvinner og leiing i regi av Studentersamfunnet i Bergen. Stad: Grand Selskapslokaler, Nedre Ole Bullsplass 1.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.