Historisk arkiv

Statsministerens program veke 9

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren deltek denne veka mellom anna på møte om korleis Noreg kan utvikle fleire verdsleiande fagmiljø, korleis vi utvikler talent, og korleis vi best oppnår framifrå kvalitet i forsking og høgare utdanning.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 23. februar
Kl. 12.30: Statsministeren deltek på toppmøte om forsking og høgare utdanning. Tema for møtet er korleis Noreg kan utvikle fleire verdsleiande fagmiljø, korleis vi utvikler talent og korleis vi best oppnår framifrå kvalitet i forsking og høgare utdanning. 

Stad: Parkveien 45. Oppmøte for presse kl. 12.15 i Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og godkjend ID. Pressa kan vere til stades under første del av møtet. Statsministeren og andre møtedeltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet om lag kl. 15.30.

Pressekontakt kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, mobil 976 77 247

Tysdag 24. februar
Kl. 09.35: Statsministeren besøkjer bedrifta Laerdal Medical i Stavanger. Adresse: Tanke Svilands gate 30 i Stavanger.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Onsdag 25. februar
Kl. 17.00: Statsministeren deltek i kontaktmøte om arbeidet mot radikalisering og valdelelg ekstremisme. Stad: Union Scene i Drammen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

Fredag 27. februar – lørdag 28. februar
Statsministeren reiser til verdsmeisterskapen i ski i Falun, der ho mellom anna skal vera til stades på langrennsstafetten for menn, kombinert sprintstafett og 30 km langrenn for kvinner.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.