Statsministerens program veke 9

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 29. februar
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg deltek på ei markering for avtroppande høgsterettjustitiarius Tore Schei. Stad: Plenumsalen i Høgsterett, Høgsteretts plass 1.

Tysdag 1. mars
Kl. 08.00: Statsministeren og innvandrings- og integreringsministeren har invitert dei parlamentariske leiarane på Stortinget til eit møte på Statsministerens kontor for å diskutere forslaga til innstramming i asylpolitikken. Målet med møtet er å gå grundig igjennom høyringsforslaga, oppklare uavklarte spørsmål og kartleggje kva punkt som er vanskelegast for dei ulike forlikspartane.

Pressekontakt er statssekretær Sigbjørn Aanes, mobil 928 87 886.

Kl. 12.00: Regjeringspartia, Venstre og KrF møtest til samtalar, der arbeidet med budsjettet for 2017 og situasjonen på arbeidsmarknaden blir sentrale tema.

Møtet finn stad på Radisson Blu Nydalen. Det vil bli eit pressetreff i etterkant av møtet. Me ber om at pressefolk som ønskjer å delta melder seg på til smkinfo@smk.dep.no innan kl. 16.00 måndag 29. februar. Hugs pressekort.

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, mobil 928 87 886.

Onsdag 2. mars
Statsminister Erna Solberg besøkjer Brussel og møter mellom anna Belgias statsminister Charles Michel, Europakommisjonens president Jean-Claude Juncker og presidenten for Europaparlamentet Martin Schulz. Sjå fleire detaljar i eiga pressemelding.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Torsdag 3. mars
Kl. 14.30: Statsministeren taler på Øst-Vest-konferansen, på Klækken hotell på Hønefoss.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Fredag 4. mars
Kl. 19.00: Statsministeren deltek på Oslo kommunes middag i samband med VM i skiskyting, i Oslo rådhus.

Laurdag 5. mars
Kl. 13.00: Statsminister Erna Solberg taler til fylkesårsmøtet i Sør- og Nord-Trøndelag Høgre på Scandic Hell Hotel på Værnes.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.