Historisk arkiv

Statsministerens program veke 9

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 27. februar
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg taler på opninga av eit toppmøte om ungdom og psykisk helse i Norden. Stad: Radisson Blu Scandinavia hotel, Holbergsgt. 30 i Oslo.

Pressekontakt kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog,
telefon 975 30 948.

Kl. 14.00: Statsministeren er til stades i gravferda til Kaci Kullman Five i Lommedalen kyrkje.

Onsdag 1. mars
Kl. 09.50: Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til toppmøte om forsking og høgare utdanning. Toppmøtet vil blant anna handle om grøn omstilling for nye arbeidsplassar og auka produktivitet i næringslivet. Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Pressa kan vere til stades under første del av møtet, fram til om lag kl. 10.30. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.20. Ta med pressekort og gyldig ID.

Statsministeren og andre møtedeltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 11.40. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.20. Ta med pressekort og gyldig ID.

Fleire detaljar på nettsidene til Kunnskapsdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog,
telefon 975 30 948.

Laurdag 4. mars
Kl. 13.00: Statsministeren deltek i 500-årsmarkeringa for reformasjonen i Noreg. Markeringa går føre seg på Torgallmenningen i Bergen.

Kl. 15.00: Statsministeren deltek i Luther-samtalen i aulaen på Universitetet i Bergen i samband med 500-årsmarkeringa for reformasjonen. Fleire detaljar om arrangementet på nettsidene til Universitetet i Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.

Søndag 5. mars
Kl. 11.00: Statsministeren deltek på festgudsteneste i Bergen domkyrkje i samband med 500-årsmarkeringa for reformasjonen.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.