Statsministerens program veke 50

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 8. desember
Kl. 12.45: Statsminister Erna Solberg taler ved opninga av Unios årskonferanse. Stad: Sundvolden hotell.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Hansson, telefon 924 58 181.

Tysdag 8. og onsdag 9. desember
Statsminister Erna Solberg besøkjer Haag og Rotterdam, i samband med at Nederland tek over EU-formannskapen frå nyttår. Statsministeren skal ha politiske samtalar med både statsministeren og finansministeren. Det er også lagt opp til besøk hjå Europol, Den internasjonale straffedomstolen (ICC) og Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW). I tillegg besøkjer statsministeren Rotterdam hamn, der ho møter norsk næringsliv i Nederland.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Torsdag 10. desember
13.00: Statsministeren er til stades ved utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus.

15.00: Statsministeren møter to overlevande frå Hiroshima/Nagasaki i Oslo rådhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Fredag 11. desember
Kl. 08.30: Statsminister Erna Solberg møter fredsprisvinnarane frå den tunisiske «Kvartetten for nasjonal dialog» til frukostmøte i statsministerbustaden i Inkognitogata 18. 

Ein fotopool med NTB scanpix, NRK TV og TV2 som norske deltakarar kan arbeide inne ved starten av møtet. Oppmøte seinast kl. 08.00 i Riddervoldsgate 2.

Etter møtet, om lag kl. 09.15, vert det ein kort pressekonferanse med fredsprisvinnarane og statsministeren i regjeringas representasjonsanlegg i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 08.45.

På grunn av byggjearbeider er det inngang til Riddervoldsgate 2 frå Inkognitogata.

Pressefolk som skal være til stades, må melde seg på til smkinfo@smk.dep.no innan torsdag 10. desember kl. 12.00, og ha med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 19.30: Statsministeren er til stades under fredspriskonserten på Telenor Arena på Fornebu.

Sundag 13. desember
Kl. 14.00: Statsministeren er til stades under Lucia-feiringa på Akershus universitetssykehus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Torsdag 17. desember
Kl. 10.30: Statsministeren inviterer til halvårleg pressekonferanse i Regjeringas representasjonsanlegg i Parkveien 45. Fleire detaljar kjem seinare.