Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Statsråd Astrup besøker Bodø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup besøker Bodø i Nordland onsdag 28. oktober. Tema for besøket er berekraft.

Media er velkomne til å ta del i programmet.

Program for onsdag 28. oktober i Bodø

Stad: Rådhuset i Bodø, Kongens gate 23 i Bodø

Kl. 09:00 Statsråd Astrup møter ordførar Ida Marie Pinnerød, Bodø kommune, med fleire. Tema for møtet er berekraft for utviklingsprosjektet Ny by, ny flyplass

Stad: Aspmyra stadion, Fridtjof Nansens vei 3 i Bodø

Kl. 10:10 Statsråd Astrup møter ei rekkje aktører og ressurser for berekraft:

Dagleg leiar Frode Thomassen, Bodø Glimt forballklubb, fortel om klubben sitt Gi-alt-nettverk og fotballen som arena for å løfte fram FN sine berekraftsmål

Prosjektleiar Marianne Bahr Simonsen, Bodø kommune, orienterer om Motor i Nord for berekraftig samskaping

Lektor Linda Birgitta Schistad leiar arbeidet med fagfornying i praksis ved Hunstad ungsomsskule. Ho fortel om arbeidet for berekraft, folkehelse og medborgarskap

Førsteamanuensis Tanja Ellingsen, Nord universitet, presenterer universitetet som ein kunnskapsaktør for berekraft i praksis

Samfunnsplanleggjar Gro Sæten, Rana kommune, fortel om regionalt samarbeid, berekraftige KPI-data og den grøne industrihovudstaden

Astrup møter og spelarar på grasmatta.

Stad: Bodø Innovation Gate, Hundholmen i Bodø

Kl. 13:00 Statsråd Astrup innleier om berekraft for deltakarar på eit innspelsmøte for regjeringa sin handlingsplan for berekraft. Deltakarane kjem frå næringsliv, kommune, universitet og idrett

Pressekontaktar

Politisk rådgjevar Jenny Clemet von Tetzschner, mobiltlf. 918 80 164

Senior kommunikasjonsrådgjevar Ingvild Sahl, mobiltlf. 958 70 541

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00