Presseinvitasjon:

Statsråd Bent Høie besøkjer Haugesund 27. oktober

Helse- og omsorgsministeren opnar det nye Helsehuset og besøkjer Haugaland A-senter. Han møter også ordførar Arne-Christian Mohn.

Program

09.40-11.30: Helsehuset i Haugesund,
adresse: Sørhauggt 111, inngang Skåregt. 112.

Statsråden får ei omvising og opnar det nye helsehuset.

11.45-12.45: Haugaland A-senter,
adresse: Haraldsgt 16, inngang Strandgata

Haugaland A-senter er eit behandlings- og utreiingssenter for rusmiddel-, livsstils- og avhengigheitsproblem. Statsråden får ei omvising og får møte pasientar.

(Av omsyn til pasientane er det restriksjonar på taking av bilete.)

13.00-13.30: Møte med ordførar Arne-Christian Mohn (lukka for pressa)

13.35-14.15: Møte med Sjukehusapoteka Vest, adresse: Karmsundgata 120

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.