Statsråd Bent Høie deltar på G20-møtet i Berlin 19. og 20. mai, og Verdas helseforsamling i Genève 22.-23. mai

G20 er eit samarbeidsforum for dei 20 største økonomiane i verda. Norge er i 2017 invitert inn i G20 av Tyskland som nå har presidentskapet. For første gong er helse tema for diskusjonane i G20. G20 vil arbeide for å fremme folkehelse i befolkninga. Kampen mot antibiotiaresistens er eit viktig tema. Presidentskapet skal også gjennomføre ei simuleringsøving for å stå betre rusta i møte med ei framtidig krise.

Les meir om G20-møtet

I Genève og Verdas helsekonferanse er dei viktigste tema verdssamfunnet sin felles innsats mot antibiotikaresistens, førebygginga av framtidige helsekriser og universell helsedekning i medlemslanda. Statsråd Høie skal også delta på eit møte om The Coalition for Epidemic Prepardedness Innovation (CEPI). Medlemslanda vel ny generaldirektør på helseforsamlinga.  

Les meir om Verdas helsekonferanse

Helse- og omsorgsminister Bent Høie er tilgjengeleg for pressa.