Statsråd Dale gratulerer Tingvollost med verdas beste ost

Onsdag 16. november 2016 blei Kraftkar frå Tingvollost kåra til verdas beste ost (Supreme Champion) under World Cheese Awards i San Sebastian i Spania.

– Eg gratulerer Tingvollost med denne kraftprestasjonen, og eg har gleda av å invitere dei med i min delegasjon til Berlin og Grüne Woche i januar 2017, seier statsråd Jon Georg Dale.

Styreleder Gunnar Waagen i Tingvollost.
Styreleder Gunnar Waagen i Tingvollost. Foto: Privat

World Cheese Awards er verdas største ostekonkurranse og blir arrangert årleg av The Guild of Fine Foods. I år konkurrerte heile 3021 ostar om heider og ære og Kraftkar tok heim den gjævaste prisen av dei alle. Deltakinga i konkurransen har aldri vore høgare. For fyrste gong konkurrerte over 3000 ostar frå 31 land om ei rekkje prisar. Lista over ostar som deltek er dominert av kjende namn som Parmigiano Reggiano og cheddar. Her er og meir spesielle variantar som geiteosten frå Mosambik som er rulla i knuste cashewnøtter og dyppa i chilisjokolade. 266 ekspertar har bedømd ostane. Til slutt sto dei att med 16 ostar som dei beste frå dei ulike kategoriane. Kraftkar var den siste av ostane som blei vurdert i den direktesendte bedømminga. Det sto likt mellom to ostar, med 67 poeng kvar, før Kraftkar danka ut begge med suverene 71 poeng.

Kraftkar frå Tingvollost.
Kraftkar frå Tingvollost. Foto: Hanne Stensvold

Tingvollost har med dette skrive seg inn i ostehistoria og satt Noreg og Tingvoll på kartet. Utgangspunktet her er ein familiedriven bedrift på Tingvoll på Nordmøre som årleg produserer om lag 20 tonn ost. Dei starta produksjonen i 2003 og har bygd seg opp steg for steg. Kraftkar har vunne prisar før under World Cheese Awards, men aldri tidlegare den høgste utmerkinga. 2016 har vore eit godt år for Tingvollost, som har vunne både NM-gull og nordisk gull for ostane sine.

Statsråd Jon Georg Dale er imponert over familien Waagen og Tingvollost.

– Dei har jobba hardt i snart 15 år, slik nordmøringane kan og er kjende for. Dei har ikkje kompromissa på kvalitet og no får dei løn for strevet. Dette syner samstundes at det er mogleg for norske ostar og andre kvalitetsprodukt frå norsk landbruk å hevde seg i konkurranse med utlandet. VI har mykje å vere stolte av og eg gratulerer igjen Gunnar Waagen og familien hans med gull!

Styreleder Gunnar Waagen i Tingvollost.
Foto: Privat