Statsråd Gjelsvik inviterer innspelsmøte om dei bustadsosiale utfordringane

Torsdag 4. mai møter kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) kommunar, ideelle organisasjonar og brukarorganisasjonar for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om ein heilskapleg bustadpolitikk.

Gjennom den sosiale bustadpolitikken skal regjeringa sikre at dei som ikkje sjølv klarer å skaffe seg og behalde eigen bustad, får den hjelpa dei treng til å bu trygt.

Regjeringa er i gang med ei ny melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk,  der den sosiale bustadpolitikken er eit viktig tema. Statsråd Gjelsvik er oppteken av å forstå korleis utfordringsbildet ser ut, og har derfor invitert til innspelsmøte.

Møtet finn stad på Aktivitetshuset K1 på Tøyen, Kolstadgata 1 kl. 14.00-15.30. Presse kan ikkje delta på sjølve møtet, men det er satt av tid til kommentarar etter møtet.

Desse deltek på møtet:

  • Aleneforeldreforeningen
  • Bergen kommune
  • Blå kors
  • Frelsesarmeen familiebosatt
  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)
  • Iveland kommune
  • Kirkens bymisjon
  • Kommunale boligadministrasjoners landsråd (KBL)
  • Nasjonalt brukerråd for den sosiale boligpolitikken
  • Norges Handikapforbund
  • Norsk forbund for Utviklingshemmede (NFU)
  • Oslo kommune
  • RIO
  • Røde kors
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
  • Sarpsborg kommune

Send ein e-post til ke@kdd.dep.no eller ring pressetelefon på 22 24 25 00 om du ønsker ein kommentar etter møtet.