Historisk arkiv

Statsråd Henrik Asheim besøkjer Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tysdag 27. oktober besøkjer forskings- og høgare utdanningsminister og arbeids- og sosialminister Henrik Asheim (H) ei rekkje spanande arrangement og prosjekt i Bergen.

Asheim treffer unge studentgründarar og opnar eit nytt pandemiforskingssenter. Han  møter ein ung ufør på veg tilbake i arbeidslivet og blir med fagskulestudentar inn på robotlaben, der dei rustar seg til å møte ein meir automatisert industri.

Program tysdag 27. oktober

Deltek på lanseringa av Bergen Entrepreneurship Academy og i sofasamtale med tre studentgründerar

  • Tid: 09.30-10.40
  • Stad: Høgskulen på Vestlandet, Inndalsveien 28, Læringslab K2

Omvising på Alrek helseklynge og opning av det nye pandemisenteret ved Universitetet i Bergen

  • Tid: 11.00-12.00
  • Stad: Alrek helseklynge, Årstadveien 17

Asheim besøkjer NAV-prosjektet #Syktbrajobb som hjelper unge uføre tilbake i arbeidslivet

  • Tid: 12.30-13.30
  • Stad: Noregs Fiskerimuseum, Sandviksboder 23

Asheim blir med studentar på fagskulen på robotlaben, der dei lærer om robotteknologi og digital produksjon i industrien

  • Tid: 13.45-14.30
  • Stad: Fagskulen Vestland fylkeskommune, Margaretastredet 2

Pressa er velkommen på arrangementa og det blir høve til å intervjue både statsråden og studentar.

Kontakt:

Journalistar som ønsker å delta og intervjue statsråd Henrik Asheim kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet Johanne Severinsen, johanne.severinsen@kd.dep.no, 91114868