Historisk arkiv

Statsråd Iselin Nybø inviterer til studentpolitisk toppmøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Måndag 21. oktober inviterer forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) studentleiarar frå heile landet til toppmøte. Saman skal dei mellom anna diskutere kva vi kan gjere med at stadig fleire studentar slit psykisk. Til møtet kjem også helseminister Bent Høie.

Det andre temaet på toppmøtet er arbeidsrelevans - korleis vi kan sikre at utdanningane førebur studentane på arbeidslivet dei møter etter utdanninga. NIFU vil også legge frem ei ny kandidatundersøking. Der ser ein på korleis det går i arbeidsmarknaden med dei som tok ein master tre år tidlegare.        

Dei inviterte er leiarane av studentdemokratia ved høgskulane og universiteta, leiarar av velferdstinga, ONF, ANSA og Norsk studentorganisasjon. Dette er andre året på rad at statsråden inviterer til eit slikt toppmøte.

Statsråd Iselin Nybø opnar møtet. I tillegg vil det mellom anna vere innlegg frå helseminister Bent Høie, frå leiar for studentanes helse- og trivselsundersøking (SHoT) og fleire av studentleiarane, og det blir idédugnad.

Stad: Representasjonsbustaden til regjeringa, inngang Riddervoldsgate 2

Tidspunkt: Klokka 10.00 – 15.30

Arrangementet er ope for pressa. Meld inn namn på journalistar som deltek i forkant. Hugs også pressekort og ID. Møt opp i god tid.

Pressekontakt: Journalistar som ønsker å delta må melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Tuva Gaarder Nordlie, e-post: tgn@kd.dep.no mobil: 93 66 87 15.