Statsråd Jan Tore Sanner til Ålesund 2. juni

Kommunereform, ein enklare offentleg sektor og betre kår for frivillig arbeid er tema når kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner kjem til Ålesund tysdag 2. juni. Statsråden vil mellom anna diskutere kommunereform med ordførarane frå kommunar i regionen, feire forenkling for skipsfart og slå eit slag for auka samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar.

Kl. 09.30    
Statsråd Sanner møter Sunnmøre regionråd og ordførarar frå kommunar i regionen. Tema er gjennomføring av kommunerereformen.
Stad: Scandic Parken Hotell i Ålesund

Kl. 13.00    
Statsråden deltek under markeringa av at kommunikasjon mellom skipsfarten og norske styresmakter no blir fullt ut digitalisert.
Stad: Ålesund hamn, Tollbugata 1.   

Kl. 16.30    
Gå trapper med statsråd Sanner. Statsråden går trappene opp til Aksla med representantar frå kommunen og frivillige organisasjonar. Tema: Korleis kan kommunane lettare samarbeide med frivillige organisasjonar for å fremje folkehelse og betre velferd.
Stad: Oppmøte nederst i trappa

Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgjevar Helge Kvandal, tlf. 4028 4275

 

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 2224 2500