Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Statsråd Mæland vitjar Tysfjord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Fredag 1. juni kjem kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland til Tysfjord i Nordland for å møte representantar frå kommunane Ballangen, Hamarøy, Narvik og Tysfjord.

Mæland startar dagen med ein båttur i området der grenselinja er vedteke. Avreise frå Drag er klokka 10.45. Etter båtturen blir det eit kort møte på rådhuset i Kjøpsvik med statsråden og ordførarane.

Program

(med atterhald om endringar)

Klokka 10.45-12.00: Båttur

Klokka 12.00-13.15: Møte med ordførarane

Det er satt av tid til media etter at møtet er ferdig.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00