Historisk arkiv

Statsråd Sanner til Molde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Tysdag 20. september vitjar kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner Molde.

Program for dagen:

Kl. 0940: Besøk til Brunvoll AS

Adr.: Eikremsvingen 2, Molde

Tema er digitalisering, produktutvikling og omstilling.

Kl. 1100: Statsråden vitjar næringsklynga iKuben og prototypelaben Protomore

Adr.: Britvegen 4, Molde

iKuben og Protomore vil under besøket leggje fram ein felles omstillingsstrategi som skal gje raskare produktutvikling. 

 

Kl. 1445: Rundebordmøte om forenkling og rammevilkår for industrien. 

Adr.: Protomore, Britvegen 4, Molde 

Statsråden tek i mot innspel frå næringslivsleiarar i fylket til industrimeldinga som regjeringa jobbar med.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00