Historisk arkiv

Statsråd Sanner vitjar Akershus og Buskerud

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Digitalisering i næringslivet, vilkår for gründerskap og omstilling er tema når kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Akershus og Buskerud 4. mai. Sanner vil torsdag møte verksemder i Asker, Kongsberg og Hønefoss.

– Teknologien venter ikkje på oss. Skal vi lukkast med å styrke verksemdene vi har i dag og skape nye arbeidsplassar må Noreg vere i front på teknologiutvikling og bruk av teknologi, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Besøket til Akershus og Buskerud inngår i ei rekke reiser til teknologiverksemder, innovasjonsmiljø og arbeidsplassar i omstilling under overskrifta #teknotur17.

Program

Kl. 0800:
Vitjar JodaCare, som utviklar ei digital kommunikasjonsløysing for pårørande til pasientar med demens og ulike utviklingshemmingar.
Stad: JodaCare, Gamle Drammensvei 227.
Tema for vitjinga er: IKT gjer mogelegheiter for betre omsorg.

Kl. 0930:
Vitjar verksemda Saga Robotics, som utviklar ein sjølvgåande robot for landbruksnæringa.
Stad: Myhrene, Kirkerudveien 4, Sylling.
Tema for vitjinga er: Robotar bidreg til meir produktivitet i norsk landbruk.

Kl. 1215:
Vitjar Kongsberg Maritime og Kongsberg Digital
Stad: Teknologiparken i Kongsberg.
Tema for vitjinga er: Digital transformasjon av tradisjonell industri.

Kl. 1500:
Vitjar Tronrud Engineering
Stad: Flyplassveien 1, Hønefoss.
Tema for vitjinga er: IKT bidreg til omstilling i næringslivet.

Kl. 1600:
Vitjar Norsk Titanium.
Stad: Flyplassveien 1, Hønefoss.
Tema for vitjinga er: IKT bidreg til nye arbeidsplassar og eksport.

Pressekontakt: Heidi Egede-Nissen, tlf. 40437384

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00