Statsråd Sanner vitjar Halden

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Halden måndag 13. april for å diskutere dei økonomiske omstillingane i kommunen.

I tillegg til statsråden, deltek ordførar Thor Edquist, rådmann Gudrun Grindaker og assisterande fylkesmann i Østfold, Trond Rønningen, på møtet. Møtet er opent for media.

  • Tid:                 Måndag 13. april kl. 15-16
  • Stad:              Servicetorget i Halden Rådhus, Storgata 8
  • Tema:            Omstillingsarbeidet i Halden kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00