Statsråd Sanner vitjar Sørlandet

Smart bruk av teknologi, gründerskap og omstilling er tema når kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Sørlandet torsdag 18. mai. Han vil møte verksemder i Kristiansand, Grimstad og Arendal.

– Skal vi lukkast med å styrke verksemdene vi har i dag og skape nye arbeidsplassar må Noreg vere i front på teknologiutvikling og bruk av teknologi. No skal eg møte og lære av gode grunderar og innovatørar på Sørlandet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Besøket i Agder inngår i ei rekke reiser til teknologiverksemder, innovasjonsmiljø og arbeidsplassar i omstilling under overskrifta #teknotur17.

Program

Kl. 09.00: Vitjar Sørlandet sjukehus saman med teknologiverksemda Anzyz Technologies.
Anziz har utvikla kunstig intelligens som skal gje kirurgar og anestesisjukepleiarar hjelp til å gjere gode avgjerder forut for akuttkirurgi. No vert løysinga testa ut på sjukehuset.
Stad: Sørlandet sjukehus, Egsveien 100, Kristiansand

Kl. 11.00: Testar beacons i Dyreparken i Kristiansand.
Dyreparken utviklar no nye digitale tenester for å gjere besøk i parken betre for gjestane. 
Stad: Dyreparken, Dyreparkveien 1, Kristiansand

Kl. 13.15: Vitjar Frivolltun bo og omsorgssenter i Grimstad.
Frivolltun vil vise korleis bruk av sensorar har påverka tilveret for bebuarar og pårørande og endra ressursbruken i kommunen. Sanner vil også ha samtaler om Agder Living Lab som arbeidar med å involvere brukarane i utviklinga av omsorgstenester.
Stad: Dybedalsveien 15, Grimstad.

Kl. 14.55: Møter verksemda MacGregor i Arendal.
Tema for besøket er digitalisering, omstilling og nye forretningsmodellari bransjen.
Stad: Kystveien 18, Arendal

Pressekontakt: Helge Kvandal, tlf. 4028 4275