Statsråd Sanner vitjar Trondheim

Modernisering i offentleg sektor er tema når kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Trondheim onsdag 2. november. Han vil mellom anna opne Nokios-konferansen og møte roboten Amelia.

Sanner vil òg markere utfasinga av oljefyring i Statsbyggs eigedommar og diskutere bruk av stordata i offentleg sektor.

Program

Kl. 10.00:
Opnar Nokios-konferansen. Stad: Clarion Hotel & Congress

Kl. 11.45:
Vitjar leiinga ved NTNU. Stad: Gløshaugen

Kl. 13.15:
Markerer utfasinga av fossil energi i Statsbygg sine bygg og eigedommar. Stad: Trondheim fengsel avdeling Leira, Bratsbergveien 189

Kl. 14.00:
Bruk av stordata i planlegging av helsetenester. Stad: Helsedirektoratet, Sluppenveien 12b

 

Pressekontakt: Helge Kvandal, mobiltlf. 4028 4275

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00