Statsråd Sanner vitjar Trondheim

Smart bruk av teknologi, gründerskap og kunstig intelligens er tema når kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Trondheim 19. mai.

– Eg gler meg til å vitja gründere i Trondheim. Skal vi lukkast med å skape nye arbeidsplassar må Noreg vere i front på teknologiutvikling, seier Sanner.

Turen til Trondheim inngår i ei rekke med reiser til teknologiverksemder, innovasjonsmiljø og arbeidsplassar i omstilling under overskrifta #teknotur17.

Program

Kl 10:00:
Vitjar SmartHelp som har utvikla ei plattform for kommunikasjon mellom ein sentral og ulike brukarar i ein krisesituasjon.
Stad: 110-sentralen, Sluppenveien 18

Kl 11:15:
Vitjar Telenor-NTNU AI-Lab som vil presentera visjon, ambisjon og problemstillingar kring kunstig intelligens.
Stad: NTNU, IT-bygget, Sem Sælandsvei 7/9

Kl 12:45:
Vitjar Blueye Robotics, som utveklar ei undervannsdrone som gjer det mogleg for forbrukarar å utforske havet .
Stad: Transittgata 10

Pressekontakt: Heidi Egede-Nissen, tlf. 40437384

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00