Vis hele kalenderen

21.02.2014

  • Statsråd Solveig Horne har fagdag i Bergen

    Solveig Horne| Barne- og likestillingsdepartementet

    Sted: Bergen

    Fredag 21. februar besøker barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP) Bergen. Der skal ho mellom anna til SOS-barnebyen for å lære meir om deira arbeid med foreldrelause og forsømte born.

    Statsråden skal også møte Bufetat, Alternativ til vald og Bergen kommune. Målet med besøka er å høyre om det arbeidet som vert gjort med barnevernet, arbeidet mot vald, og busettings- og integreringsarbeidet.

    Program:

    09.00: Besøk SOS-barnebyen. Olsvikskjenet 81. Orientering og omvisning ved generalsekretær Svein Grønnern i SOS-barnebyer.

    12.15: Besøk Bufetat region vest. Strandgaten 59. Orientering ved regiondirektør Øistein Søvik og fleire av hans avdelingsdirektørar.

    13.15: Besøk Alternativ til vold. Øvre Dreggsallmenningen 6. Orientering ved leiar for ATV i Bergen, Nina Antonsen.

    14.30: Besøk Introduksjonssenteret for flyktningar i Bergen, Bredalsmarken 15/17. Orientering ved byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen (H), sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) og leiar for Introduksjonssenteret Elin Gjære.

    For spørsmål eller meir informasjon om programmet, ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Line Torvik på telefon 99 21 83 21 eller e-post: lto@bld.dep.no.