Invitasjon til pressekonferanse:

Statsråd Solveig Horne mottek NOU frå barnevaldsutvalet

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP) tek torsdag 22. juni i mot ei offentleg utgreiing frå utvalet som har gjennomgått alvorlege saker der barn og ungdom har vorte utsette for vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt.

Oppgåva har vore å avdekke om, i kva grad og på kva måte det har vore svikt i det offentlege tenesteapparatet si handtering av desse sakene. Utvalet vart oppnemnt 13. november 2015 og vert leia av Ann-Kristin Olsen. Les meir om utvalet og mandatet.

Tid:          Torsdag 22. juni klokka 10:00

Sted:        Plenumsalen, R4. Inngang frå Møllergata 17

Vi ber om oppmøte i god tid. Legitimasjon må visast ved inngangen.

Pressekonferansen blir overført på nett-TV på regjeringa.no, og utgreiinga vert også publisert på nett. 

Spørsmål rettast til pressekontakt Ingrid Brandal Myklebust, 995 01 917.

Nett-tv Statsråd Solveig Horne mottek NOU frå barnevaldsutvalet

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her