Statsråd Vidar Helgesens program veke 13

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsråd Vidar Helgesen deltek denne veka mellom anna på EØS-konferansen, eit årleg arrangement for tilsette i offentlig forvaltning som arbeider med EØS-spørsmål.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 25. mars
Kl. 11.30: Statsråd Helgesen er invitert til Bondelaget for å snakke om «Noreg og EU i eit forhandlingsår». Stad: Thon Hotel Opera.

Kl. 13.00 Statsråd Helgesen deltek på EØS-konferansen, eit årleg arrangement for tilsette i offentleg forvalting som arbeider med EØS-spørsmål. Stad: Det norske teateret.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Torsdag 26. mars
Kl. 09.30: Statsråd Helgesen held innlegg under konferansen Industriens Motemesse, der han skal snakke om «Grønn omstilling - i Norge og Europa». Stad: Telenor Arena.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.