Statsråd Vidar Helgesens program veke 18

Statsråden deltek denne veka mellom anna fullskalaøvinga «HarbourEx 15» i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 28. april
Kl. 08.30: Statsråd Helgesen deltek i møte i Europautvalet i Stortinget.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Onsdag 29. april
Statsråd Helgesen deltek under fullskalaøvinga «HarbourEx 15» i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Øvinga er delvis finansiert ved hjelp av EU-midlar, og statsråden deltek for å sjå resultatet av dette samarbeidet. Helgesen møter óg kommissær Christos Stylianides frå Europakommisjonen, kommissær for humanitær bistand og krisehandtering, som er i Oslo i samband med øvinga.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Torsdag 30. april
Statsråd Helgesen er i Brussel for å møte visepresident Kristalina Georgieva i Europakommisjonen. Georgieva er kommissær med ansvar for budsjett og personalressursar. Statsråden deltek óg på eit regionalmøte for dei norske ambassadørane i Europa.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.