Statsråd Vidar Helgesens program veke 21

Statsråden har denne veka mellom anna fleire møte i Brussel og Paris.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 18. mai
Statsråd Helgesen er i Brussel der han møter spesialrådgivar Michel Barnier i Kommisjonen, og kommissær og visepresident for den digitale indre marknaden, Andrus Ansip. Helgesen skal óg delta på det halvårlege EØS-rådsmøtet i Brussel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Onsdag 20. mai
Statsråd Helgesen deltek på toppmøtet om klimapolitikk og næringsliv, Business & Climate Summit. Stad: Paris. I tillegg vil Helgesen óg ha bilaterale samtalar, mellom anna med den franske ministeren for Europa-saker, Harlem Désir.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.