Statsråd Vidar Helgesens program veke 23

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsråd Vidar Helgesen er denne veka til stades ved lanseringa av det europeiske ungdomsnettverket mot valdeleg ekstremisme.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 1. juni
Kl. 12.30: Statsråd Helgesen deltek på dialogmøte med EU om regelverk for klimamål 2030, i regi av Klima- og miljødepartementet (KLD). Stad: KLD.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 15.00-16.45: Statsråd Helgesen held innlegg under partisamlinga til EPP, den europeiske samanslutninga av sentrum-høgre-parti. Stad: Høgres Hus.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754.

Kl. 16.45-17.15: Statsråd Helgesen møter EU-kommissær for klima og energi, Miguel Arias Cañete saman med klima- og miljøminister Tine Sundtoft. Stad: Stortinget.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 19.30-20.30: Statsråd Helgesen deltek på mottakinga i samband med EPP-møtet. Stad: Oslo Rådhus.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754.

Tysdag 2. juni
Statsråd Helgesen er i Bergen for å halde opningsinnlegget på årskonferansen til NHH. Han skal óg ha innlegg på Christian Michelsen Institute. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kristin Enstad, telefon 482 68 835.

Onsdag 3. juni
Kl. 09.00: Statsråd Helgesen deltek på eit frukostmøte saman med næringsminister Monica Mæland, i regi av Nærings- og fiskeridepartementet. Tema er ny modell for investeringsavtaler. Stad: Plenumssalen i R4.

Kl 15.30-1700: Statsråd Helgesen er vert for ei mottaking for sentrale aktørar under den europeiske ungdomskonferansen mot valdeleg ekstremisme.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ane Lunde, telefon 976 71 250.

Torsdag 4. juni
Kl. 10.30-10.45: Statsråd Helgesen held innlegg på Bellona-konferansen «Norge i 2050: et lavutslippssamfunn». Stad: Gamle Logen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 16.00-16.30: Statsråd Helgesen held innlegg under lanseringa av det europeiske ungdomsnettverket mot valdeleg ekstremisme. Stad: Quality Hotel Expo Fornebu.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.