Statsråd Vidar Helgesens program veke 24

Statsråden deltek denne veka mellom anna på konferansen «European Council on Foreign Relations» i Brussel.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 9. juni
Kl. 09.00: Statsråd Helgesen har innlegg på NHO si Europakonferanse. Stad: Scandic Havet, Bodø.
Kl. 10.30: Statsråd Helgesen besøkjer Kunnskapsparken i Bodø.
Kl. 11.30: Lunsj med deltakarar på NHO-konferansen i Bodø.

Statsråd Helgesen skal óg besøkje Forsvaret sitt Operative Hovudkvarter på Reitan.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754.

Onsdag 10. juni
Kl. 08.30: Statsråd Helgesen møter Europautvalet i Stortinget.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 15.00: Statsråd Helgesen deltek på Det Norske Veritas sitt rundebord om berekraftig utvikling. Stad: Høvik.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Torsdag 11. juni
Statsråd Helgesen deltek på ein middag i regi av «European Council on Foreign Relations», saman med EU sin høgrepresentant for utanriks- og tryggingspolitikk og visepresident i Europakommisjonen, Federica Mogherini og den belgiske utanriksministeren, Didier Reynders. Stad: Palais d’Egmont, Petit Sablon 8b, 1000 Brussel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Fredag 12. juni
Statsråd Helgesen er i Brussel der han mellom anna skal delta på ein konferanse i regi av European Council on Foreign Relations. Stad: Stanhope Thon Hotel, Brussel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.