Statsråd Vidar Helgesens program veke 26

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00 

Onsdag 24. juni
Kl. 9.00: Statsråd Helgesen held opningsinnlegget på toppleiar-konferansen i Jotun. Helgesen vil fokusere på regjeringa sin Europapolitikk, innovasjon og vekstkraft, kvifor EU er ein viktig marknad og regjeringa si innsats for norsk næringsliv i utlandet. Pressa er velkomen til å dekke statsråden sin tale. Stad: Scandic Park, Strandpromenaden 9, Sandefjord.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Fredag 26. juni
Kl. 10.30: Statsråd Helgesen og statssekretær Ingvild Stub møter utsendingar frå organisasjonar for homofile, lesbiske, bifile og transpersonar i Polen, Ungarn og Tsjekkia, og leiinga i LLH og Oslo Pride. EØS-/EU-minister Helgesen vil vere tilgjengeleg for pressa etter møtet, om lag kl. 11.15, saman med representantar for organisasjonane. Stad: Utanriksdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 12.30: Statsråd Helgesen held tale på UIPI-kongressen, i regi av Huseigarane sitt Landsforbund (HL). UIPI er ein paraplyorganisasjon for dei europeiske søsterorganisasjonane til HL. Stad: Clarion Hotell Royal Christiania i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.