Statsråd Vidar Helgesens program veke 3

Statsråden deltek denne veka mellom anna på konferansen "Eit kunnskapsbasert Norden" i Stockholm.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 12. januar
Statsråd Helgesen deltek på Solamøtet 2015 i regi av NHO i Rogaland, der han skal halde innlegg om Europa i endring. Stad: Sola Strand Hotel, Sola.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754.

Onsdag 14. januar
Statsråd Helgesen deltek på konferansen «Eit kunnskapsbasert Norden» i Stockholm i regi av Norsk-svensk handelskammer. Helgesen skal òg ha fleire bilaterale samtalar, mellom anna med utanriksminister Margot Wallström og minister for strategi- og framtidsspørsmål, samt nordisk samarbeid, Kristina Persson.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Torsdag 15. januar
Kl. 08.15: Statsråd Helgesen har møte med Slovakias utanriksminister, Miroslav Lajčák. Stad: Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Fredag 16. januar
Statsråd Helgesen har møte med utanriksminister Aurelia Frick frå Liechtenstein. Stad: Utanriksdepartementet.

Laurdag 17. januar
Kl. 11.00: Statsråd Helgesen deltek på Europakonferansen i Høgre. Stad: Høgres Hus, Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen, telefon 468 11 754.

Søndag 18. januar
Statsråd Helgesen deltek på Felleskonferansen i Høgre. Stad: Radisson Blu Scandinavia i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.