Statsråd Vidar Helgesens program veke 34

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Statsministerens kontor

Statsråden deltek denne veka mellom anna i Utanriksdepartementet si årlege samling for ambassadørar.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 17. august

Kl. 12.00: Statsråd Helgesen deltek på «stasjonssjefsmøtet», Utanriksdepartementet si årlege samling for ambassadørar, for å snakke om norsk europapolitikk. Stad: Radisson Blu Scandinavia Hotel, Oslo.

Kl. 17.00: Statsråden deltek på middagen som NHO arrangerer for ambassadørane. Stad: Næringslivets hus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Onsdag 19. august

Kl. 08.00: Statsråd Helgesen deltek på frukostmøte med norske ambassadørar saman med statsråd Mæland. Stad: Næringsdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Torsdag 20. august

Statsråd Helgesen deltek på årsmøtet i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar. Han skal også halde ei forelesing på Universitetet i Agder og besøke bedrifta Trilobite Microsystems, som gjennom EØS-midlane samarbeider med det rumenske selskapet Microelectronica om utviklinga av ny, miljøvennlig teknologi for reinsing av vatn. Stad: Kristiansand.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen Nilsen, telefon 468 11 754.