Statsråd Vidar Helgesens program veke 40

Statsråden har denne veka mellom anna fleire møte i Washington, New York og Istanbul.

Måndag 28. september
Statsråd Vidar Helgesen er i Washington for å ha samtalar om TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership). Der møter han mellom anna Benjamin Ziff ved Europa-kontoret i det amerikanske utanriksdepartementet og Kate Kalutkiewicz, direktør for europeiske saker ved kontoret til USAs handelsrepresentant (Office of the U.S. Trade Representative).

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Tysdag 29. september
Statsråd Helgesen er i New York for å møte ei rekke representantar for mottakarland av EØS-midlane. Han møter mellom anna utanriksministrane frå Latvia, Estland, Romania og Slovakia, og statsministeren frå Malta. Stad: FN-bygningen, New York.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536 og kommunikasjonsrådgivar Kristin Enstad (New York), telefon 482 68 835.

Onsdag 30. september
Statsråd Helgesen er i New York, for å ha møte med ei rekke representantar for mottakarland av EØS-midlane. EØS/EU-ministeren møter mellom anna utanriksministrane frå Bulgaria, Portugal, Kypros og Litauen. Stad: FN-bygningen, New York.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536 og kommunikasjonsrådgivar Kristin Enstad (New York), telefon 482 68 835.

Torsdag 1. oktober
Statsråd Helgesen deltek på G20-landa sitt energiministermøte i Istanbul, Tyrkia. Statsråden skal halde innlegg under rundebordsdiskusjonen mellom ministrane, og han skal ha bilaterale møte med mellom anna IEA, direktør Fatih Birol og den tyrkiske ministeren for energi og naturressursar, Ali Rıza Alaboyun.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Fredag 2. oktober
Kl. 12.00: Statsråd Helgesen deltek på avdukinga av ein minneplakett for det første møtet for republikken Estland si eksil-regjering i 1953, i regi av den estiske ambassaden. Stad: Comfort Hotel Xpress Youngstorget, Møllergata 26, Oslo.

Kl. 13.00: Statsråd Helgesen deltek ved opninga av det 160. Storting.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.