Statsråd Vidar Helgesens program veke 43

EØS/EU-minister Vidar Helgesen besøkjer denne veka mellom anna Troll, det største gassfeltet på den norske kontinentalsokkelen.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 20. oktober
Kl. 12.00: EØS/EU-minister Vidar Helgesen er til stades saman med statsminister Erna Solberg og klima- og miljøminister Tine Sundtoft når fleire næringslivsaktørar lanserer klimarapporten "Norge 203040 - Forretningsmuligheter". Storebrand, Professor Kohts vei 9, Lysaker.

Pressekontakt er Utanriksdepartementets pressevakt, telefon 23 95 00 02.

Onsdag 21. oktober
EØS/EU-minister Helgesen besøkjer Troll, det største gassfeltet på den norske kontinentalsokkelen, for å markere at to nye kompressorar blir sett i drift. Desse vil bidra til å sikre berekraftige, stabile og langsiktige gassleveransar til den europeiske marknaden, og gjer det mogleg å produsere gass på Troll A-plattforma til 2063. Statsråden er invitert av Statoil.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen Nilsen, telefon 468 11 754.

Torsdag 22. oktober
Kl. 08.30: EØS/EU-minister Vidar Helgesen møter i Stortinget sitt Europa-utval.

Pressekontakt er politisk rådgivar Benedicte Staalesen Nilsen, telefon 468 11 754.

Kl. 20.00: Statsråd Helgesen deltek ved H.M. Kongens middag for stortingsrepresentantane på Slottet.