Statsråd Vidar Helgesens program veke 46

Statsråd Vidar Helgesen møter denne veka mellom anna ambassadørar frå EU, hos Europakommisjonen sin delegasjon i Oslo.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 10. november
Kl. 10.00: Statsråd Helgesen deltek i debatten etter den halvårlege orienteringa for Stortinget om viktige EØS/EU-saker i førre veke.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Kl. 14.15: Statsråd Helgesen held innlegg under den 6. tysk-norske energikonferansen i regi av det norsk-tyske handelskammeret. Stad: Grand Hotel, Oslo.  

Onsdag 11. november
Kl. 14.45: Statsråd Helgesen deltek i paneldebatt under "Norwegian-Ukrainian ICT & Investment Conference". Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Torsdag 12. november
08.30: EØS/EU-minister Helgesen møter ambassadørar frå EU, hos Europakommisjonen sin delegasjon. Stad: Klingenberggata , Oslo

Kl. 11.10: EØS/EU-minister Helgesen møter kollegiet i ESA, overvakingsorganet i EFTA. Stad: Utanriksdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.