Historisk arkiv

Statsråd Vidar Helgesens program veke 48

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsråden skal denne veka mellom anna til Haag for politiske samtalar med det komande formannskapet i EU.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Søndag 22. november
EØS/EU-minister Vidar Helgesen er vertskap for ein middag i samband med ministermøtet i EFTA. Tema er mellom anna TTIP og EFTA-dialogen med USA. Stad: Genève, Sveits.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Måndag 23. november
EØS/EU-minister Vidar Helgesen deltek på ministermøtet i EFTA. Stad: Genève, Sveits.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Tysdag 24. november
Statsråd Vidar Helgesen er i Boston etter invitasjon frå Harvard Kennedy School of Government. Helgesen skal halde to foredrag om migrasjon og Europa. EØS/EU-ministeren skal og ha møte med Egil Ove Sundheim, Sjømatrådet sin fiskeriutsending i USA, og fleire akademikarar. (Sjå eigen presseinformasjon for detaljar.)

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Onsdag 25. november
Statsråd Helgesen er i New York. Her skal han mellom anna møte kommisjonær for immigrasjonssaker, Nisha Agarwal, og ha samtalar med amerikanske akademikarar. (Sjå eigen presseinformasjon.)

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Torsdag 26. november
EØS/EU-minister Vidar Helgesen er i Haag for politiske samtalar med det komande formannskapet i EU.  Helgesen skal mellom anna møte utanriksminister Bert Koenders og finansminister Jeroen Dijsselbloem. EØS/EU-ministeren skal òg besøkje Europol og Eurojust. (Sjå eigen presseinformasjon.)

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536. 

Fredag 27. november
Kl. 10.00 Statsråd Vidar Helgesen møter Davit Bakrabze, den georgiske ministeren for europeisk og euroatlantisk integrasjon. Stad: Utanriksdepartementet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.