Statsråd Vidar Helgesens program veke 9

Statsråden deltek måndag på regjeringa sitt toppmøte om forsking og høgare utdanning i Oslo. Tysdag er statsråden i London for fleire bilatarale møte.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 23. februar
Kl 12.30: Statsråd Vidar Helgesen deltek på regjeringa sitt toppmøte om forsking og høgare utdanning. Stad: Parkveien 45 i Oslo.

Pressetelefonen til Utanriksdepartementet: 23 95 00 02.

Tysdag 24. februar
Statsråd Helgesen er i London for bilaterale møte. Han skal óg tale under eit arrangement i regi av British Influence. Sjå eiga pressemelding om programmet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Astrid Sehl, telefon 922 84 752.

Torsdag 26. februar
Kl. 08.30: Statsråd Helgesen deltek på frukostmøte i regi av Civita om antisemittismen i Europa. Stad: Cafe Christiania i Stortingsgata.

Pressetelefonen til Utanriksdepartementet: 23 95 00 02.

Fredag 27. februar
Statsråd Helgesen besøkjer Berlin, der han skal delta på Wirtschaftsrat Deutschland si konferanse "Competitive Energy Infrastructures for Europe: Strengthening the Internal Market, Security of Supply and Innovations". Helgesen skal óg ha bilaterale møte, mellom anna med EU-kommissæren for digital økonomi og det digitale samfunn, Günther Oettinger.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.